Telemarkskua – Bondens lykke – kongens gull
bar

bok1  

I 2006 realisert jeg en annen drøm. Etter mange års arbeid ga jeg ut boka
”Telemarkskua – Bondens lykke – kongens gull” på Alfa Forlag.

Slik presenterer Alfa Forlag boka
Dette er en praktbok som gir en fyldig dokumentasjon av utviklingen av Telemarkskua, ferasen som feiret sitt 150-årsjubileum dette året. Boka er på 312 sider.
Gjennom den rikt illustrerte boka får vi et godt bilde av telemarksfeets posisjon opp gjennom de omskiftelige tider. Vi får også et innblikk i hvordan landbruket og samfunnet har endret seg i løpet av de 150 årene. Boka er også historien om menneskene som elsket Norges nasjonalku. Den bør interessere alle som er opptatt av kulturlandskap, natur, regional identitet, miljø og kultur på bredt grunnlag. Likevel er den først og fremst beretningen om landets eldste storferase.

Gjennom tekst, bilder og fakta følger vi telemarksfeet fra etableringen som egen rase under et fesjå i Kviteseid i 1856 og fram til i dag. Her synliggjøres hvilken viktig rolle telemarksfeet har hatt i med- og motgangsår.
Dette er historien om hvordan den kortbeinte fjellkua ble utviklet til en høytproduserende melkeku og som fikk en så sterk posisjon i norsk landbruk at det har gitt status å ha den på båsen. I dag regnes imidlertid kua som utrydningstruet. Boka er et bidrag i kampen for å berge rasen for framtida.
Boka består av fem hoveddeler. Del I tar for seg den spede begynnelsen og etableringen av rasen. Del II forteller om telemarksfeets betydning for etableringen av Dyrsku’n i Seljord og hvilken rolle rasen har hatt for denne utstillingen. Del III omhandler rasens utvikling og popularitet utover 1900-tallet. I del IV behandles rasens tilbakegang og del V omhandler dagens situasjon og framtida.

Daværende landbruksminister Terje Riis-Johansen skriver i sitt forord i boka
Boka ”Telemarkskua – Bondens lykke – kongens gull” gir eit godt bilete av kva for posisjon telemarksfeet har hatt. Vi får òg eit innblikk i korleis landbruket og samfunnet har endra seg dei siste 150 åra. På denne måten blir boka i tillegg historia om dei store omveltningane som har skjedd i landet vårt. Boka er ein solid dokumentasjon av fortida og bør vere ei inspirasjonskjelde til det vidare bevaringsarbeidet på telemarksfeet.

bok2
bok3


Jeg skriver i mitt forord
Eg var seks år då eg såg mi fyrste telemarksku. Frå baksetet i bilen til familien fikk eg auge på ei staseleg ku i vegkanten. Hovudet med droplene og dei vide horna hadde ho stolt heva, og sola skinte på den kvite ryggålen. Minnet har brent seg fast for alltid.
Kanskje var det denne hendinga som ga meg interessa for dei gamle storferasane, og som gjorde at eg gjennom oppvoksteren las alt eg kom over av litteratur om dei. Særleg vart eg opptatt av telemarksfeet. Eg vart vonbroten då det med åra gjekk opp for meg at desse dyra var i ferd med å døy ut.
Ideen å skrive ei bok om telemarksfeet vaks fram. Eg ynskte å gjere synleg kva rasen hadde hatt å seie, og fortelle historia om menneska som elska Noregs nasjonale ku. Eg er glad ideen no er gjort verkeleg.
Boka, ”Telemarkskua – Bondens lykke – Kongens gull”, set lys på ein kulturarv som gjennom åra har fått liten, eller inga ålmenn merksemd. Heldigvis kan det sjå ut som om vilja til å take vare på denne arven no aukar. Avdi håpar eg boka vil ha interesse ut over det landbruksfaglege miljøet.

bok4
bok5


Arbeidet med manuskriptet byrja allereide i 2000, men fyrst då Alfa Forlag AS i Gjøvik fatta interesse for prosjektet, byrja ting verkeleg å skje. Difor ein hjarteleg takk til Ulf Bekkelund og Terje Paulsberg i forlaget for at dei våga å satse på boka – og for at ho har fått slik ein fin utsjånad. Ein takk også til dei som har bidrege ved viljug å låne ut bilete og illustrasjonar, til Tore Skaug for omsettinga til nynorsk, og til alle sponsorane som har gjort boka mogleg.
Eg tileigner boka til brørne Anton og Ola Brattrud og syster deira Marit Larsen i Bagn i Valdres. Med si kjærleik til kyrne har dei lært meg å handsame dyr med djup vørdnad, og dei har synt meg kva for ei gåve det er å ha arbeidet sitt i eit fjøs.